Kulturarvporten Levert av Rff-sentret
Noreg har slutta seg til ein UNESCO-konvensjon om vern og vidareføring av immateriell kulturarv.
Det forpliktar landet til å laga register over slik kulturarv. Det er Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Rff-sentret) som har initiert og driv sida her for å få i gang registreringsarbeidet på vår sektor. Målet er ikkje ei fullstendig liste, men ei som stadig aukar.
Nettsida her er meint som eit bidrag til å synleggjera kva Noreg med sine ulike lokalmiljø har av musikk- og dansearv som er i bruk og som miljøa sjølve gjerne vil halda oppe og føra vidare og i tillegg synleggjera på denne lista.
Dersom du har eit forslag til musikk- og/eller dansearv som du gjerne vil ha synleggjort, registrer deg som forslagsstillar, og skriv inn forslaget ditt i skjemaet du så får tilgang til. Det er nok at du fyller ut dei postane som har stjerne.
Vi vil gjerne ha inn mykje stoff, det er nok å ta av, så skriv gjerne inn meir enn ein ting. Etter kvart skulle dette kunna bli eit oversyn der fylke, kommunar, skular og kulturskular kan gå inn og sjå kva som er registrert på dei, kva dei har eit særleg ansvar for og kva som manglar.
Det er plass for både nytt og gammalt, slik konvensjonen legg opp til.
Har du spørsmål: Kontakt Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. Tekniske spørsmål: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. Har du gjort ein feil i registreringa, send ein epost, så rettar vi. Får du ikkje til å registrera sjølv, send oss ein epost med det du vil foreslå, så skriv vi inn for deg.
![]() |
![]() |

