|
Noreg har slutta seg til ein UNESCO-konvensjon om vern og vidareføring av immateriell kulturarv. Det forpliktar landet til å laga register over slik kulturarv. Nettsida her er meint som eit bidrag til å synleggjera kva Noreg med sine ulike lokalmiljø har av musikk- og dansearv som er i bruk og som miljøa sjølve gjerne vil halda oppe og føra vidare og i tillegg synleggjera på denne lista.
Dersom du har eit forslag til musikk- og/eller dansearv som du gjerne vil ha synleggjort, registrer deg som forslagsstillar, og skriv inn forslaget ditt i skjemaet du så får tilgang til.
Vi vil gjerne ha inn mykje stoff, det er nok å ta av, så skriv gjerne inn meir enn ein ting. Etter kvart skulle dette kunna bli eit oversyn der fylke, kommunar, skular og kulturskular kan gå inn og sjå kva som er registrert på dei og kva dei har eit særleg ansvar for. Det er plass for både nytt og gammalt, slik konvensjonen legg opp til.
Merk: Nettsida er framleis under utprøving, og det er nokre små problem vi arbeider med å retta.
|